Position Details
Kattnakken AS
Vabakkjen 6, 5411 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Innkjøpsansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 8. juni
Kattnakken er ikkje som andre klesmerke. Me er ein fargerik vestlandssuksess - bygd på regntøy som verkeleg held mål, og ein filosofi om at me skal ut, uansett vêr. Me lagar vasstett kvalitetsregntøy for born og vaksne, som tåler brutalt vêr, fordi me drøymer om at fleire skal bli glade i regnet.
Frå små butikkhyller på Stord har me vokse til ein sterk nettbutikk og over 150 forhandlarar over heile landet. No riggar me oss for vidare vekst - og søker ein innkjøpar som vil ta ansvar for god vareflyt, høg kvalitet og berekraft i verdikjeda vår.
Stillinga som innkjøpar er ny hos oss, og du vil få ein nøkkelrolle i å sikra at rett produkt kjem på rett plass til rett tid - tilpassa årstid, vêr og etterspurnad. Regntøy har lang produksjonstid, og salet svinga...