🏛️ London's Premier Job Portal
Som fagansvarleg vernepleiar/sjukepleiar i Elvevegen får du ei sentral rolle i å sikre rett kompetanse gjennom målretta fag- og kompetanseutvikling. Du blir ein pådrivar for fagleg kvalitet, utvikling og læring, og bidreg til å styrkje eit allereie engasjert fagmiljø. Næraste leiar er avdelingsleiar, og de vil samarbeide tett om både faglege og organisatoriske oppgåver.
Stillinga er delt mellom 50 % fagansvar og 50 % turnusarbeid med dagvakter og arbeid kvar fjerde helg (kortvakter). Dette gjev deg ei unik moglegheit til å kombinere fagleg utviklingsarbeid med nærleik til praksis og tenestene vi leverer kvar dag.
I Elvevegen bueining møter du eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, samarbeid og gode tenester. Her bur 10 menneske i eigne leilegheiter, med ulike livssituasjonar og samansette hjelpebehov. Kvar dag arbeider vi for å gi trygge og individuelt tilpassa helse- og omsorgstenester. Vi yter også tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet, og har ei av...