Position Details
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studiekonsulent (førstekonsulent) - vikariat
Vil du vere med på vidareutvikling av våre ettertrakta og samfunnsaktuelle studieprogram? Og kva med saksbehandling og rettleiing av våre mange dyktige informatikkstudentar? Då må du søke på Institutt for informatikk sin ledige vikarstilling som studiekonsulent! Vikariatet gjeld i første omgang til og med , men kan bli forlenga.
Som del av vår studieseksjon blir du med i eit solid og velfungerande lag med ein studieleiar og fem studiekonsulentar som jobbar direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for sakshandsaming, rettleiing og utvikling knytt til våre utdanningstilbod. Du blir også med i det godt etablerte nettverket for studieadministrative medarbeidarane ved Fakultet for naturvitskap og tekn...