SearchLondonJobs.co.uk

🏛️ London's Premier Job Portal

← Back to London Jobs

Stipendiat I Algoritmar

Company: Universitetet i Bergen

Location: bergen, London

Posted: June 10, 2026

Apply for This Position

Submit Application

Position Details

UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i algoritmar
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.stipendiat i algoritmar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Moderne teoretisk informatikk står overfor ei grunnleggjande utfordring: vi har ikkje gode nok verktøy til å forstå og forklare effektiviteten til heuristiske tilnærmingar. Dette gir oss utfordringar i mange samanhengar, til dømes frå utbreiinga av black-box SAT- og ILP-løysarar i kombinatorisk optimalisering til den ibuande avhengigheita av empirisk evaluering som finst i vanlege maskinlæringsprosessar....