🏛️ London's Premier Job Portal
Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest?
Vi har no ei ledig fast 100% stilling som psykiatrisk sjukepleiar i tredelt turnus, med hovudsakleg dag- og aftenvakter, samt nokre nattevakter i døgnposten. Her på BUP møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar, og du spelar ei viktig rolle i å skape struktur, tryggleik og håp i kvardagen deira.
Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost , som er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her:
Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer . Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett med både famili...