Position Details
**Medisinsk poliklinikk har ledig vikariat i 80% som sjukepleiar, med moglegheit for fast tilsetjing frå snarast.**
Vil du vere med på laget og planlegge for ein framtidsretta poliklinikk innan infusjonsfaget?
Helse Førde har starta ei arbeidsgruppe som planlegg ein felles infusjonspoliklinikk innan fagområda nevrologi, revmatologi, hud, auge, medisin og barn.
Dette er ein unik sjanse til å vere med i planlegginga og bygge opp eit nytt tilbod. Vikariatet er per no tilknytta medisinsk poliklinikk, men når det vert oppstart av ny infusjonspoliklinikk vil stillinga fylgje med over dit.
Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Vi kan også love at du vil bli omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.
Innan infusjonsfeltet på medisin er hovudtyngda av pasientpopulasjonen tilknytta gastro og tarmsjukdommar. Men vi har også pa...