🏛️ London's Premier Job Portal
Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykose, er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Vi har ledig 1fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar i 80-100% turnus med arbeid p.t kvar 3. helg med turnus på natt
Søkarar må vere fylt 21 år.