Position Details
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Senioringeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig eit vikariat i 100% stilling som senioringeniør med tiltreding snarast mogleg og for eit år. Stillinga er knytt til forskingslaboratoria ved instituttet og Centre for Translational Oral research (TOR).
Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan kunstig vevsbygging og forsking innan nano/biomaterialer og relevante metodar som kan nyttast i klinisk odontologisk forsking. Instrumentparken består av instrument og fasilitetar for cellekulturar, vevsdyrking, utstyr for material karakterisering, inkludert mikrocomputertomografi (mikro CT). Preparering av prøver frå mjuk
- og hardvev er aktuelle metodar. Ulike formar for mikroskopi er mykje nytta. Analyse...