SearchLondonJobs.co.uk

🏛️ London's Premier Job Portal

← Back to London Jobs

Produktlinjeleiar / Gruppeleiar (Linux) - Senioringeniør

Company: Universitetet i Bergen

Location: bergen, London

Posted: June 17, 2026

Apply for This Position

Submit Application

Position Details

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Vil du vere med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB? Ved IT-avdelinga er det no ledig stilling som produktlinjeleiar for vitskaplege berekningar (senioringeniør).
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ei kunnskapsrik og engasjert avdeling som deltar i spennande aktivitetar på heile UiB, og vi har brei kontakt med studentar og tilsette. IT-avdelinga består av om lag 130 tilsette og innehar eit stort mangfald av kompetanse og nasjonalitetar.
Produktlinja har i dag seks medarbeidarar. Som produktlinjeleiar i dette teamet får du moglegheit til å jobbe med mange nye og spennande teknolog...