Position Details
Sky, Helse Vest IKT
- Om stillinga
Sjukehussektoren er i sterk utvikling, og krava til moderne, robuste og trygge IKT‑løysingar aukar år for år. For at sjukehusa i regionen skal kunne levere trygge og effektive tenester til pasientane - både i dag og i framtida - spelar IKT-infrastrukturen ei avgjerande rolle.
Helse Vest IKT har ansvar for å levere stabile og sikre IKT-tenester til alle sjukehusa i regionen. Med rundt 1500 system, 4000 databasar og over 30 000 sluttbrukarar er vi eit av dei største og mest komplekse IKT‑miljøa på Vestlandet.
I divisjon Plattformtenester arbeider vi med moderne databaseplattformer og leverer tenester som er avgjerande for nokre av dei mest kritiske systema i helseføretaka. No søkjer vi fleire dyktige kollegaer som vil vere med å utvikle, drifte og vidareutvikle desse løysingane. Har du erfaring med teknologiar som Oracle, MS SQL Server, MariaDB, PostgreSQL eller MongoDB, kan du vere den vi ser etter. Hos oss får du jobbe med spanande teknolo...