Position Details
Om stillinga
Ved Kreftklinikken på Haukeland universitetssjukehus (HUS) er det ledig ei stilling som stipendiat knytt til prosjektet “Network in adaptive radiotherapy for novel treatment strategies” (ART-FORSEE). ART-FORSEE er ei forskingssatsing innan adaptiv stråleterapi i Vest-Noreg. Prosjektet rettar seg særleg mot adaptiv stråleterapi ved protonterapi og palliativ strålebehandling og omfattar både metodeutvikling, implementering og evaluering av adaptiv stråleterapi som behandlingsstrategi. Utvikling av kliniske studiedesign for å evaluere effekten av adaptiv stråleterapi, samt bruk av automatiserte og AI-baserte metodar for betre ressursbruk, vil vere ein sentral del av prosjektet.
Kandidaten vert tilsett ved Kreftklinikken ved HUS og må søkje opptak til doktorgradsutdanninga ved Universitetet i Bergen eller Høgskulen på Vestlandet. Arbeidet vil skje i eit tverrfagleg forskingsmiljø med stort potensial for påverknad og internasjonal synlegheit.
Stillinga er i utgangspunk...