Position Details
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Stipendiat
Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som ph.d.stipendiat i marin biogeokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Arktis og Nord-Atlanteren er sentrale regionar for luft-hav-utveksling av CO₂ og marin produktivitet. Den tilsette ph.d.kandidaten skal undersøkje korleis karbon
- og næringsstoffsignal blir overførte mellom desse to bassenga, og korleis desse utvekslingane påverkar den biogeokjemiske funksjonen deira på tvers av tidsskalae...