Position Details
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.stipendiat i boreholgeofysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning), og vil bli rettleia i fellesskap av professor Morten Jakobsen (hovudrettleiar) og forskarar ved NORCE (medrettleiarar).
Stillinga er ledig omgåande, og vi søkjer ein kandidat som kan starte så snart som mogeleg.
**Om SFI Digiwells**
Stillinga er knytt til Senter for forskingsdriven innovasjon DigiWells: Digital Well Center for Value Creation, Competitiveness and Minimum Environmental Footprint. DigiWells er eit forskingssenter som involverer forskarar ved NORCE, industriekspertar og professorar frå Ui...