Position Details
Aukra kommune
**Pedagogisk leiar**:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bergetippen barnehage har ledig to faste stillingar som pedagogisk leiar. Det kan vere aktuelt at søkjar får funksjon som barnehagelærar om dette er ønskjeleg.
For å innfri nasjonal barnehagestrategi mot 2030 - _Barnehagen for en ny tid_, er målet at barnehagelærarar utgjer minst 60 % av bemanninga. Vi har auka grunnbemanning.
Bergetippen barnehage ligg i Julsundet på fastlandet i Aukra. Det tek omlag 15 minutt frå Molde sentrum til barnehagen. Barnehagen har frå hausten av sju avdelingar.
Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderand...