Position Details
Om stillinga
Vi lyser ut overlegestilling på Psykosepoliklinikk FACT. Vi ser etter deg som er fagleg engasjert og som har lyst på ein spennande jobb ved Psykosepoliklinikk FACT på Øyane DPS. Her får du moglegheit til å vere ein del av eit tverrfagleg team med fokus på god samhandling, fagleg utvikling og langvarig behandling av pasientar. Vi søker etter deg som er overlege som har eit engasjement for målgruppa vår. Du er fleksibel, liker å jobbe ambulant og ser moglegheiter i samarbeid med andre aktørar i helsetenesta og i pasientane sine nettverk. Vi ønsker at du skal bidra med vidareutviklinga av psykosefeltet på Øyane DPS, og du vil kunne vere med å utforme behandlingstilbodet. Vi reknar det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel, og kan tilby konkurransedyktige vilkår.
- Psykosepoliklinikk FACT arbeider etter FACT modellen. Arbeidet vil derfor både innebere polikliniske og ambulerande oppgåver. Teamet ivaretar polikliniske oppgåver som utgreiing, diagnostisering og behan...