Position Details
Om stillingaAvdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som gjer eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, autopsi, elektronmikroskopi og nevropatologi. Ein gjer molekylærpatologisk diagnostikk i samarbeid med Seksjon for kreftgenomikk. Avdelinga har 12 LIS-stillingar og 30 overlegeårsverk. Frå januar 2025 ligg dei rettsmedisinske tenestene i Bergen under denne avdelinga. I samband med det, søker vi etter overleger i rettsmedisin/patologi, som vil vere med å bygge opp rettsmedisintenestene ved Haukeland universitetssjukehus.
**Vi har no ledig to faste stillingar som overlege i rettsmedisin ved avdelinga og ønsker å tilsette frå . Det vil vere mogleg å arbeide 100% i rettsmedisin eller delt mellom rettsmedisin og diagnostisk patologi (til dømes 50/50 eller annen delingsbrøk). Dersom del av stillinga arbeidast innan diagnostisk patologi, vil tilsette bli knytt til faggrupper i høve til eigen kompetanse og avdelinga sitt behov.**
Fagområdet rettsmedisin er n...