🏛️ London's Premier Job Portal
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune søkjer deg som vil jobbe fast i sone Sogndal.
Her får du ein jobb der du er tett på menneske og der du faktisk ser at det du gjer har verdi i kvardagen til den enkelte.
Grunna eit auke i vedtak, ser vi etter fleire gode kollegaer som vil bli ein del av vår gjeng!
Me har no ledig 2 x 100% og 1 x 80%, med oppstart snarast. I tillegg til dette har vi óg helgestillingar som blir ledig frå hausten.
Det kan bli aktuelt å tilsetje i fleire stillingar enn dette, ettersom behova kan endre seg, gi gjerne beskjed dersom du ønskjer å bli vurdert for fleire stillingar.
I bu- og miljøtenesta jobbar me med barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov. Målet er å skape trygge, meiningsfulle og føreseielege kvardagar.