Position Details
**100 % fast stilling som miljøterapeut i FACT ung Nordfjord**
Er du ein engasjert fagperson med hjarte for unge og for tverrfagleg samarbeid? Brenn du for at utsette born og unge skal få eit godt behandlingstilbod og god oppfølging? Då kan dette vere jobben for deg.
Stad kommune skal, i samarbeid med BUP Nordfjord, etablere eit FACT ung-team. I den samanheng søkjer vi etter ein engasjert og dyktig miljøterapeut.
Stillinga erorganisert under Stad kommune, men arbeidsstaden vil vere ved Nordfjord BUP.
Det er i hovudsak dagarbeid, men det må påreknast noko arbeid på ettermiddagstid.
Føremål med stillinga er å styrkje tilbodet til born og unge med psykiske helseutfordringar og problematisk rusmiddelbruk, med særleg vekt på dei som har behov for langvarig, tilpassa eller samansett oppfølging.
**Om FACT ung**
FACT ung er eit heilt nytt tiltak retta mot born og unge i alderen 12-25 år med moderate til alvorlege psykiske helseutfordringar og/eller rusproblem, og som har b...