Position Details
Klepp kommune Frist Ansettelsesform Fast Leiar fritidsklubb Vil du leie, påverke og skape framtidas møteplass for ungdom? Klepp kommune står framfor ei spanande satsing: Hausten 2026 flyttar me inn i heilt nye, moderne lokale - og no søkjer me ein energisk, tydeleg og visjonær leiar som vil vere med og forme ungdomstilbodet vidare. Dette er jobben for deg som brenn for ungdom, miljøskapande arbeid og nyskaping. Hos oss får du høve til å byggje ei attraktiv, trygg og levande møteplass der ungdom får oppleve meistring, fellesskap og ekte tilhøyrsle. Som leiar for fritidsklubben får du ei nøkkelrolle i å utvikle tilbodet - frå idé og planlegging, til gjennomføring og drift. Du blir ein viktig medspelar i kommunen sitt arbeid for gode oppvekstmiljø og kriminalitetsførebygging, og du får eit breitt samarbeid med andre fagmiljø i tenesteområdet Barn og unge. Arbeidstida er i hovudsak på dagtid, med kveldsarbeid i takt med klubbens opningstider må påreknas. Stillinga rapporterer til oppveks...