🏛️ London's Premier Job Portal
Stillingstittel Ledig vikariat 100% som radiograf ved Senter for nukleærmedisin, PET, Radiologisk avdeling
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har eit vikariat (100%) som radiograf ved Senter for Nukleærmedisin, PET.
Senter for nukleærmedisin/ PET er ein integrert del av Radiologisk avdeling, og utfører all PET- og nukleærmedisinsk diagnostikk og behandling i Vestland fylke. I tillegg har vi regionalt ansvar og landsfunksjon for deler av verksemda. Senteret utfører alle tradisjonelle nukleærmedisinske og PET-undersøkingar i kombinasjon med CT, MR og ultralyd, inkludert ultralydrettleia biopsiar. Senteret har to PET/CT-maskiner (Biograph Vision og Quadra), PET/MR (Biograph One), to SPECT/CT (Symbia Intevo Bold) og ultralyd (Canon Aplio i700). Senteret arbeider tverrfagleg og har ca. 40 medarbeidarar, ...