🏛️ London's Premier Job Portal
Vi har ledig 1 fast stilling i 100 % i vaksenopplæringa og søker deg som vil utgjere ein forskjell for flyktningane i Aukra kommune.
Stillinga er ledig for tiltreding 1. august 2026.
Eining for innvandring og integrering har ansvar for busetting, introduksjonsprogram, kvalifiseringstiltak for minoritetsspråklege, vaksenopplæring og andre prosjekt innafor feltet. Lærarstillinga er retta primært mot førebuande opplæring for vaksne (FOV), med hovudvekt på arbeid med grunnleggjande ferdigheiter og overgang til vidare opplæring eller arbeid.