Position Details
23. september 2025
**Språk**
Norsk Nynorsk
Digdir søker kunderettleiar
Kunderettleiar
Søk stillinga
- Sjå annonseOm stillinga
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringa sin spydspiss på digitaliseringsområdet og bidreg til at norsk offentleg sektor er verdsleiande på digitalisering. For å skape ein enklare digital kvardag og utvikle tenester og løysingar som er best for brukarane, må vi alltid forbetre organiseringa vår og finne den beste måten å arbeide på.
Vi samarbeider med både statlege og kommunale verksemder, og med privat sektor.
Avdeling for brukaroppleving og datadeling har mellom anna ansvar for å forvalte og vidareutvikle fellesløysingane Altinn og Felles datakatalog. Vi arbeider i tverrfaglege, sjølvstendige team.
Vi søker deg som ønskjer å arbeide med brukarrettleiing på Altinn brukarservice ved eitt av kundesentra våre i Digdir.
Kundesenteret har 10-12 tilsette som arbeider saman i eit ope og aktivt produksjonsmiljø. Stillinga er f...