🏛️ London's Premier Job Portal
Vi ser etter ein engasjert og varm pedagogisk leiar som har lyst til å vere med og skape ein kvardag full av leik, læring og omsorg i Storebø FUS barnehage. Dette er eit vikariat fra - , men vi lovar at vi gjer vårt for at du skal kjenne deg som ein viktig del av gjengen frå dag éin. Her får du både faglege utfordringar og mykje latter i løpet av dagen.
Du får jobbe i ein barnehage som er ein del av FUS-kjeda, med høg kvalitet, tryggleik og fagleg utvikling i fokus. Hos oss er det kort veg frå idé til handling – og godt rom for å vere både nysgjerrig og leiken, sjølv om du er vaksen.
Som pedagogisk leiar har du ei nøkkelrolle i barnehagen, både for barna, føresette og kollegaer. Du blir ein viktig premissgjevar for den pedagogiske praksisen på avdelinga, og ein lagspelar som får med deg både små og store. Vi ønskjer oss ein person som trivst med ansvar, men som også veit at den beste kvardagen skapar vi saman.