Position Details
Kokk/kokekyndig
- Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune
- Søk på stillinga
- Om stillinga
I Bremanger kommune, for tida ved Svelgen Omsorgssenter er det ledig ei 100 % fast stilling som kokk/kokekyndig frå snarast
I stillinga inneber for tida arbeid kvar 3.helg.
I mars 2016 stod Svelgen omsorgssenter ferdig. Vi arbeider i moderne omgjevnadar. Kjøkkenet er av fagfolk sagt, blant dei beste institusjonskjøkkena i landet, kor det er vektlagt at ein skal kunne gje god kvalitet på varene ein leverer og at medarbeidarane skal ha ein god og tilrettelagt arbeidsplass.
Omsorgssenteret er delt inn i fem einingar med m.a. demens, rehabilitering og lindrande pleie. På kvar eining er det avdelingskjøkken, så det er kun den varme maten som vert tilberedt på institusjonskjøkkenet. I tillegg til at ein lagar mat til bebuarane på omsorgssenteret, lagar ein m.a. middag til bebuarane på Klokkartunet på Davik og personar som har innvilga tenesta matombringing.
Nøkkelinformasjon