Position Details
Fjord1 AS
- Om stillinga
Som HMS-inspektør får du ei sentral rolle i arbeidet med sikkerheit, risikostyring og kontinuerleg forbetring. Du jobbar tett på drift og fartøy, og er ein viktig bidragsytar til at HMS-arbeidet fungerer i praksis. Hos oss får du høve til å påverke korleis sikkerheitsarbeidet blir gjennomført i kvardagen, i tett samarbeid med leiarar og mannskap.
Stillinga vil vere knytt til hovudkontoret i Florø eller kontoret i Bergen, og passar godt for deg som ynskjer å kombinere ein administrativ jobb med å vere ute i feltet der drifta skjer.
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein sentral aktør i det grøne skiftet innan transportsektoren. Vi kombinerer sterke maritime tradisjonar med moderne teknologi og framtidsretta drift. Frå hausten 2026 etablerer vi mellom anna verdas første autonome ferjesamband med nullutsleppsferjer på Lavik-Oppedal.
Vil **du** vere med og utvikle trygg og berekraftig drift i Norges leiande ferjeselskap?
Nøkkelinformasjon