Position Details
Om stillinga
Medisinsk klinikk på Haukeland universitetssjukehus er ei stor seksjonert eining som har ansvar for utgreiing og behandling av pasientar med indremedisinsk sjukdom. Klinikken har seksjonar for blodsjukdommar, hormonsjukdommar, infeksjonssjukdommar, fordøyingssjukdommar og nyresjukdommar. Kvar seksjon driv døgnopne sengepostar i tillegg til dagbehandling og poliklinikk. Klinikken har og seksjonar for klinisk ernæring og sosionomteneste, som tener pasienter inneliggande og poliklinisk. I tillegg har Medisinsk klinikk stor forskingsaktivitet, driv utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande.
Seksjon for kontortenester i Medisinsk klinikk har ledig to 100% faste stillingar som helsesekretær eller medisinsk sekretær. Oppstart etter avtale.
Seksjon for kontortenester er ein eining med 32 årsverk og med mange spennande oppgåver. Det er stor variasjon i arbeidet og fleire oppgåver rullerer ein på. Sekretærane har dagleg kontakt med pasientar og pårø...