🏛️ London's Premier Job Portal
Kom og bli med! Vi søkjer ein positiv og engasjert helsefagarbeidar til ei spennande stilling i ein moderne sengepost.
Hos oss får du arbeide tett med pasientar innan nevrologi, spesialisert rehabilitering og indremedisin - i eit miljø der kompetanse, samarbeid og utvikling står i sentrum.
Frå august har vi ledig eit 50 % årsvikariat som helsefagarbeidar, med moglegheit for auka stillingsprosent frå januar 2027.
Nevrologi og Rehabilitering sengepost er lokalisert i 4 etg. i nybygget LIVA og har 26 einerom.
Sengeposten vår består av 12 nevrologisenger, der to er overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Spesialisert rehabilitering er eit satsingsområde hos oss., og vi har per i dag åtte senger og ei treningsleilighet. Eksempel på type rehabilitering kan vere gjennomgått hjerneslag, traumer og opptrening etter amputasjon. 5 senger er medisinske senger der hovudvekt av pasientane er ti...