🏛️ London's Premier Job Portal
Du vil kunne jobbe i årsturnus med dag-/kvelds-/langvakter og moglegheit for 4. kvar helg og langfriperiode!
I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i trådmed «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som Gode pasientforløp og Kva er viktig for deg, vi har innført kjernejournal og nyttar velferdsteknologi, ogdeltek i interkommunalt simuleringsprosjekt. Vi har eige godt utstyrt øvingsrom med moglegheiter for fagutvikling og simulering, vi har eigne fasilitatorar og instruktørar.
Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal fånaudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje vårebebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg.Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet,sansestimulering og mil...