Position Details
Om stillinga
Nevrokirurgisk avdeling har ledige helgestillingar som pleieassistent/helsefagarbeider med arbeid kvar 3. helg, tilsvarande 15 % stilling. I tillegg forventer vi at ein jobbar 100 % i 4 veker i løpet av sommarferieavvilkinga (veke 26-33). Dette er ei god moglegheit for sjukepleie-, medisinstudentar, eller andre helsefagutdanningar.
Nevrokirurgisk avdeling har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Vi behandlar både vaksne og barn, og har nasjonal behandlingsteneste for stråleknivbehandling og behandling av pasientar med vestibularisschwannom.
Vi har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger (NOVA). Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø hos oss. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre og fagleg utvikling for dei tilsette.
Nevrokirurgisk sengepost søkjer pleieassistentar og/eller helsefagarbeidarar som trivast med eit høgt arbeidstempo og so...