Position Details
**Om stillinga**:
**Sjukepleiar eller bioingeniør med interesse for blodbank? Vi treng deg i blodbanken!**
Blodbanken vår er ein viktig del av sjukehuset - og no ser vi etter deg som vil bli med i laget vårt. Her jobbar vi tett på både blodgivarar og pasientar, og du får ei variert arbeidskvardag der både prøvetaking og pasientkontakt står i sentrum.
Hos oss blir du ein del av ei triveleg og samansveisa gruppe, som støttar kvarandre og har det kjekt på jobb. Vi har base i det nye sjukehusbygget i Haugesund, med moderne fasilitetar og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Kanskje har du erfaring frå blodprøvetaking frå før - eller kanskje er du nysgjerrig på faget og har lyst til å lære meir. Det viktigaste for oss er at du er trygg i møte med menneske, liker å samarbeide og trivst i eit aktivt miljø der dagane går fort.
Her finn du ei akkreditert avdeling med høg fagleg standard og moderne utstyr - vi jobbar etter krav frå NS-EN ISO 15189.
**Kjenner du at dette kan passe for ...