SearchLondonJobs.co.uk

🏛️ London's Premier Job Portal

← Back to London Jobs

Har du lyst å bli fastlege med spanande og utviklande oppgåver-

Company: Gry Katrine Kirkeluten

Location: ål, London

Posted: June 12, 2026

Apply for This Position

Submit Application

Position Details

Ål legeteneste har ledig inntil 100 % fastlegeheimel

Har du lyst til å jobbe i ein moderne og fagleg oppdatert legeteneste der det er mogleg å kombinere arbeid med fritid- og familieliv? Legekontoret er kommunalt drifta, godt utstyrt og med erfarent og stabilt hjelpestell. Her kjem du til dekka bord, då det ikkje er kostnader for sjølvstendige lege å starte i heimelen.

Vil du kombinere ei overkommeleg fastlegeliste og samtidig vere ein del av ei spanande legevakt med godt kvalifisert hjelpestell til stades?

Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål legekontor.

Om legekontoret og praksisen

Legane i Ål kommune driver felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 10 fastlege, 1 LIS 1 lege, 1 legevaktslege og 1 sjukeheimslege.

Det er etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu. Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekolleg...