Position Details
Om stillinga- Vil du vere med å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad kan styre din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du moglegheit til å bidra til diagnostikk, utvikling og forsking innan eit fagfelt som stadig er i endring.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings
- og utviklingsaktivitet knytt til fleire av fagområda. Avdelinga har tre legegrupper: Seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet si legegruppe, og seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til legegruppa i medisinsk biokjemi, som i dag har 7,2 overlegestillingar og to LIS. Totalt har avdelinga 350 tilsette derav 12 analytiske seksjonar, kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar.
I tillegg har vi medisinsk fagleg rådgiving i ...