Position Details
(i ny fane)
- Om stillinga
**Vi søkjer nye kollegaer til kjøkkenet ved felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal!**
Vi har no flytta inn i det nye felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal, og har behov for fleire dyktige tilsette på kjøkkenet.
Kjøkkenet vårt produserer mat til pasientar, kafé og kiosk - med stor vekt på eigenproduksjon. Vi leverer også møtemat og catering til ulike føremål.
Vi har eit moderne produksjonskjøkken med 1-2-3-serveringssystem for pasientar, og avdelingskjøkken med matvertar til opphaldsromma for inneliggjande pasientar.
I kafeen finn du eit variert utval med påsmurt mat, varme og kalde rettar, sveler og heimelaga bakst. Vi drifter også ein ubetjent kiosk med smart vareskap, som tilbyr eit breitt spekter av mat, drikke og kioskvarer.
Etterspurnaden etter tilboda våre har auka mykje - og vi søkjer derfor:
To faste 100 % stillingar, med oppstart snarast mogleg
Vi ønskjer oss fagkokkar, men søkjarar utan fagbrev, som har relevant erfar...