Position Details
Er du vår nye rekneskapsekspert?
- Tenesteutvikling, Helse Vest IKT
- Søk på stillinga- (i ny fane)- Om stillinga
Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderer alt frå store, komplekse regionale system, til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.
Seksjon LIBRA forvalting har ansvar for forvalting innan forretningsområda budsjett, rekneskap, bestilling og varelogistikk med systemet SAP S4/HANA, samt forvalting av tilhøyrande arbeidsprosessar og masterdata. Vi er bindeleddet mellom leverandør, som forvaltar koden og driftar systemet, og dei som skal bruke det.
Seksjonen har oppretta mange ulike roller for å ivareta forvalting og vidareutvikling av vår SAP-installasjon, og i samband med ei aukande oppdragsmengd frå helseføretaka, søker vi no etter ein dataforvaltar som kan hjelpe o...