Position Details
(i ny fane)
**Om stillinga**:
- Gloppen folkebibliotek er plassert i hjarte av kultursenteret i kommunen - Kulturhuset Trivselhagen. Vi søkjer etter ein engasjert biblioteksjef som vil vidareutvikle det gode bibliotektilbodet vi har i kommunen.
Gloppen folkebibliotek er ein pulserande arbeidsplass med sin samlokalisering i lag med Firda vgs, Kulturhuset Trivselshagen og Gloppen kulturskule. I tillegg til biblioteket er her kultursal/konsertscene, kino, kafé, dansesalar, dramasal og møterom. Utanom biblioteket sine ordinære opningstider med betjening, har vi meirope bibliotek frå kl 07 - 23 kvar dag. Dette gjer biblioteket svært tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen. Biblioteket vårt er moderne og nyoppussa, med ein god atmosfære. Ein populær stad der det er godt å vere!
Som biblioteksjef får du ein variert og meiningsfull kvardag, med ansvar for å drifte og vidareutvikle bibliotektilbodet i kommunen. Folkebiblioteket si overordna rolle er å bidra til kulturformidling, d...