🏛️ London's Premier Job Portal
Stillingstittel Helsefagarbeider 100% fast stilling på korttidsavdelinga
Korttidsavdelinga tek imot pasientar i alle aldrar som er i ein overgangsfase, til dømes etter sjukehusopphald, ved behov for tett oppfølging over ein avgrensa periode, eller før retur til eigen heim eller vidare til andre kommunale tenester som langtidsplass i institusjon. Avdelinga tek også imot pasientar med behov for lindrande behandling og palliativ oppfølging.
Det er fast tilsette sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i avdelinga. Dei arbeider tett saman med sjukepleiarteamet, sjukeheimslegen og ergo- og fysioavdelinga, og samarbeider med heimetenesta om pasientar som er felles brukarar av kommunale helsetenester.
Stillinga er ledig frå og gir høve til ein spennande og variert arbeidskvardag.
Vi søkjer etter deg som trivst i lag med pasientar i ulike livsfasar!
...