🏛️ London's Premier Job Portal
1 døgn om bord, 1 døgn hjemme i 3 veker - etterfulgt av 3 veker fri.
Vi søkjer no ein dekkssjef til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
Denne ferja vart bygd i 2011, og i 2019 ble ho bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri.
Som dekkssjef vil du spele ei viktig rolle om bord, med ansvar for tryggleik og stabil drift av sambandet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving.
Kun 1 time å kjøre fra Bergen til...