Position Details
**(i ny fane)***:
**Om stillinga**:
Har du lyst til å jobba i Sunnhordlands mest moderne symjehall? Me ser etter deg som er trygg i vatn, servicevennleg og trivst med allsidige oppgåver.
Hos oss får du delta i eit team som har fokus på å skapa ei trygg og hyggeleg oppleving for våre besøkande i Bømlo symjehall.
Me tilbyr ein spanande deltidsjobb med varierte oppgåver. Då arbeidsområdet vårt også inkludera garderobane ynskjer me ein jamn fordeling mellom menn og kvinner i teamet. Sidan det er overvekt av mannlege badevertar i dag søkjer me i denne omgang etter ny kvinneleg kollega.
Stillinga inneber jobb 3. kvar helg og det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Bømlo symjehall stod klar i 2018 og er Sunnhordlands mest moderne og flottaste symjehall. Her er 25 m basseng med hoppe/stupetårn, samt opplæringsbasseng. Det er stor aktivitet i Bømlo symjehall med skulebading på dagtid og offentleg bading på ettermiddagstid, i helgar og i feriar.
**Nøkkelinformasjon**:
- ...