Position Details
**Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?**
Flatraket barnehage har ledig inntil 200 % faste stillingar som barnehagelærar. Den som blir tilsett vil det fyrste året gå inn i eit vikariat som pedagogisk leiar. Tilsetting frå .
Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 19 barn og 5 tilsette.
Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.
- Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette.
- Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt.
- Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.
Alt dette kan DU v...