Position Details
Om stillinga
Hunstad barnehage er den minste av Helse Bergen sine fire barnehagar, vi har om lag 45 barn i alderen 1-6 år fordelt på to avdelingar: Løvstakken og Ulriken. Vår storleik gir oss anledning til å skape eit nært og oversiktleg miljø der både barn og vaksne blir godt kjende med kvarandre. Dette legg grunnlaget for tryggleik, trivsel og gode relasjonar.
I barnehageåret har vi særleg fokus på leikemiljøet. Leik er den viktigaste aktiviteten i barnehagen, og vi ser på leiken som ein grunnleggjande arena for læring og utvikling. Gjennom leiken utviklar barna språk, sosial kompetanse og kreativitet. For å styrkje fellesskap og inkludering arbeider vi aktivt med å skape felles referansepunkt i leiken og legg til rette for gode møteplassar der alle barn kan delta.
Livsmeistring og helse er eit felles satsingsområde for alle barnehagane i Helse Bergen. Når barna opplever meistring og livsglede i kvardagen, byggjer dei eit positivt sjølvbilde og blir rusta til å møte livets...