🏛️ London's Premier Job Portal
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Vil du vere med å skape trygge, varme og fagleg sterke helsetenester for innbyggjarane våre? Me søkjer no ein tydelig og engasjert avdelingssjukepleiar i 100 % fast stilling med ansvar for heimesjukepleia ved Årdal bu- og omsorgssenter (ÅBO) og korttidsavdelinga på ÅBO.
Dette er stillinga for deg som trivst med ansvar, likar å jobbe tett på både menneske og fag, og som ynskjer å utvikle både medarbeidarar og tenester vidare. Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like – og der du verkeleg kan gjere ein forskjell.
Som avdelingssjukepleiar vil du ha både fagleg og administrativt ansvar for avdelingane innanfor vedtekne rammer og budsjett. Du vil ha personalansvar og vere ein viktig støttespelar for medarbeidarane dine i kvardagen. Arbeidet handlar også om å følgje opp...