Position Details
Om stillinga
Er du ein trygg og engasjert psykiater som ønsker å leie fagleg utvikling i eit av Noregs mest spesialiserte psykiatriske miljø?
Vi søker ein avdelingsoverlege som kombinerer solid klinisk kompetanse med evna til å vere ein kulturberar i eit krevande og meiningsfullt fagfelt.
**Om klinikken og avdelinga**
Klinikk Sikkerheitspsykiatri ved Haukeland universitetssjukehus er eit nasjonalt leiande fagmiljø innan sikkerheits-, fengsels
- og rettspsykiatri. Klinikken omfattar:
Lokalt sikkerheitsnivå (10 sengeplassar)
Lokal sikkerheit - rehabilitering (8 sengeplassar)
Sikkerheitspoliklinikken
Klinikken tar imot personar med alvorlege sinnslidingar med høg risiko for alvorleg valdeleg åtferd, ofte med tilleggsutfordringar som alvolrleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk.
**Fagleg profil**:
Vi ser etter deg som har djup klinisk forankring og er genuint opptatt av å forstå og behandle dei mest komplekse pasientforløpa. Du er komfortabel med å gjer...