🏛️ London's Premier Job Portal
Bufetat region, vest, har no ledig fast stilling som avdelingsdirektør i 100 % stilling. Vi søkjer deg som ønskjer å vidareutvikle tenestetilbodet vårt for barn og ungdom og bidra til strategisk leiing av regionen.
Avdelingsdirektør har regiondirektør som næraste overordna og inngår i den regionale leiargruppa. Regionleiinga består for tida av regiondirektør, tre avdelingsdirektørar med særskilt ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef.
Regionskontoret ligg i Bergen. Arbeidstad for stillinga er Bergen, med ansvar og samarbeid på tvers av heile regionen. Det må reknast noko reiseverksemd, samtidig som vi har gode, moderne videokonferanseløysingar i alle tenesteområda.
I Bufetat er vi opptatt av kunnskapsgrunnlaget. Vi står støtt i faget vårt - men aldri stille. Vi har eit tydleg og unikt samfunnsoppdrag. Kvar dag går vi på jobb for dei mest sårbare i samfunnet, og ser at arbeidet vårt gjer ein reell forskj...